Byrknes Holding:
Eit konsern - fleire selskap
Byrknes Holding samlar selskap innan mobilitet, service, sjømat, reiseliv og eigedomsutvikling — bygde på ulike fagmiljø, men forma gjennom same tankegang.
Gjennom langsiktig arbeid, lokale røter og fokus på kvalitet utviklar vi verksemder som skal skape verdiar over tid — både for menneske, næringsliv og lokalsamfunn.
Byrknes Holding:
Eit konsern - fleire selskap
Byrknes Holding samlar selskap innan mobilitet, service, sjømat, reiseliv og eigedomsutvikling — bygde på ulike fagmiljø, men forma gjennom same tankegang.
Gjennom langsiktig arbeid, lokale røter og fokus på kvalitet utviklar vi verksemder som skal skape verdiar over tid — både for menneske, næringsliv og lokalsamfunn.
REISELIV & VERTSKAP
Byrknes Ocean Resort
Byrknes Ocean Resort opnar på Byrknesøy i Gulen i midten av september 2027. Med havet som næraste nabo blir dette eit destinasjonshotell for fantastiske måltid, spa, aktivitetar og opplevingar langs kysten.
Alle rom får eigen balkong og sjøutsikt, og naturen blir ein del av opphaldet: frå stille dagar og solnedgangar over havet til vind og bølgjer langs kysten. Her kan du kome for å finne roen, oppleve øyriket eller samle menneske til bryllaup, selskap, møte og konferansar.
MOBILITET & SERVICE
Byrknes Servicesenter
Byrknes Servicesenter leverer transport-, logistikk- og serviceløysingar bygde på erfaring, presisjon og stabil drift. Her har vi kontorlokaler, bunkersstasjon med bensin, diesel, ferskvatn og gjestebrygge.
EIENDOM & UTVIKLING
Byrknes Panorama
Byrknes Panorama er utvikla med fokus på moderne arkitektur, fantastisk havutsikt og langsiktig kvalitet i alle detaljar. Planløysingane er funksjonelle, med livsløpsstandard og heis til garasje. Målet er å skape attraktive bustader og møteplassar med nærleik til nabolaget, naturen og sjøen. Det er gangavstand til barnehage, skule, alderstun og daglegvarebutikk.
REISELIV & VERTSKAP
Travelmate
Travelmate er ein personleg reisepartnar som skreddarsyr reiser for bedrifter, skular, grupper og privatpersonar. Med lang erfaring og brei reisekompetanse hjelper dei kundane med å planlegge og finne gode løysingar tilpassa både behov, ønskjer og budsjett.
Enten det gjeld jobbreise, firmatur, skuletur, gruppereise eller ferie, kan Travelmate hjelpe med heile reisa frå planlegging og bestilling til gjennomføring. Her står personleg rådgiving og tett oppfølging sentralt, slik at det skal vere enkelt og trygt å vere på reise.
REISELIV & VERTSKAP
Protocol 47
Protocol 47 skreddersyr eksklusive reiser og opplevingar i Noreg for gjestar som ønskjer noko utanom det vanlege. Med lokal kunnskap, personleg vertskap og eit breitt nettverk av samarbeidspartnarar set dei saman reiser tilpassa kvar enkelt gjest.
Opphaldet kan kombinere unike overnattingsstader, matopplevingar, natur og aktivitetar med transport på land, sjø og i lufta. Frå første planlegging til gjesten reiser heim står personleg oppfølging og dei små detaljane sentralt, med mål om å gi gjestane tilgang til noko av det beste Noreg har å by på.
HANDEL & MØTEPLASSAR
Byrknes Landhandleri
Joker Byrknes Landhandleri og Fløskjeret cafè og catering skal vere ein stad der folk har lyst til å stikke innom – enten du skal handle litt, ha deg ein god matbit eller berre slå av ein prat. Vi ønsker ein lun og triveleg møteplass med god mat, variert utval til både kvardag og fest. Ein stad for bygda, der både fastbuande, hyttefolk og besøkande kan kjenne seg velkomne.
MARITIM
Tausevågen Marina
Kontaktperson: Stein Inge Larsen
Mobil: 99205940
E-post: stein@byrknes.no
200 meter til Joker Byrknes Landhandleri
100 meter til Byrknes Servicesenter (bensin, diesel)
50 meter til Tausevika badestrand og aktivitetsområde
50 meter til merka turløype
300 meter til Byrknes barnehage- og skule
300 meter til Byrknes Ocean Resort
EIENDOM & UTVIKLING
Byrknes Utvikling
Langsiktig utvikling innan transport, service og maritime tenester — bygd på erfaring, struktur og lokal forankring.
SJØMAT & MATOPPLEVINGAR
Viking Delights
Viking Delights driv handel med sjømat. Gruppa har lange tradisjonar innan produksjon, handel og transport av sjømat. Selskapet samarbeider med aktører og kundar i fleire regionar.
Kompetansen og vareutvalet omfattar eit breitt spekter av sjømat, frå skaldyr og laks til tunfisk og andre marine produkt.
SJØMAT & MATOPPLEVINGAR
Knarr Lax
Premium sjømat utvikla med fokus på kvalitet, berekraft og råvarer forma av norske farvatn.
SJØMAT OG MATOPPLEVINGAR
Norsk Tang
Norsk Tang eig konsesjonar for kommersiell produksjon av tang. Gjennom forsking, utvikling og praktisk erfaring har selskapet fått sterk tru på potensialet i å dyrke tang i sitt naturlege element, for bruk både som mat og som råvare i utvikling av nye produkt.
Tang har fleire positive eigenskapar. Produksjonen kan ha ein gunstig effekt på miljøet, samstundes som tang representerer ein fornybar ressurs med stort potensial innan matproduksjon og utvikling av berekraftige produkt. Norsk Tang ønskjer å bidra til å utnytte desse moglegheitene og utvikle tang som ein framtidsretta ressurs for meir berekraftig mat- og produktproduksjon.
EIENDOM OG UTVIKLING
Knarr Invest
Eigedoms- og investeringsselskap med fokus på langsiktig verdiutvikling, moderne
løysingar og attraktive møteplassar.